Personbøker

 

 

Personboka 2000 e-bok

  • Forord

    Ved fleire høve har eg dei siste åra blitt spurt om Personboka 2000 kunne gjerast digital, dvs at ein kan lese boka på mobiltelefon, nettbrett eller ein PC. No er vi der.

    I tillegg til at Personboka 2000 har blitt digital, er her også ein god del ny informasjon i høve papirutgåva:

    1. Alle personane er no kopla mot både far og mor. Dette er ei vesentleg forbetring i det som er hovudformålet med ei bygdebok: å knytte saman familiar.
    2. Det ligg inne dødsår for dei som har gått bort i 2000 - 2016.
    3. Det er gjort rettingar/forbetringar i høve papirutgåva av Personboka 2000.
    4. Vi har teke inn oppdateringane av utflytta personar som vart gjort i Utflyttarboka 2007.

    Boka er utvida/oppdatert fram t.o.m. 2003, dvs at vi tek inn personar fødde i 2001 – 2003. Dessutan familieendringar og nye tilflytta i 2000-2003 som har blitt melde inn.

  • Bruk av e-boka

    Boka kan kjøpast slik (Hugs å ha klar passord til kontoen din for Google/iTunes, då du kan bli spurd om å skrive inn dette):

    Android

    Klikk her,
    eller scan QR-koden med mobilen

    Apple

    Klikk her,
    eller scan QR-koden med mobilen

    Ved kjøp av boka blir den automatisk også lagt på inntil 3 andre einingar som har same plattform og konto, t.d. om du lastar e-boka ned på eit nettbrett, kan du også lese den på eit brett til og to telefonar. Boka ligg på harddisken/minnekortet i brettet/telefonen. Du treng altså ikkje vere på nettet når du seinare les boka. Boka krev 50-80 Mb i minnet, svarande til 20-40 bilde.

    Du blar deg lett fram og tilbake, frå side til side eller raskare ved å dra ein markør. Dette blir som å bla i ei papirbok.

    Du zoomar lett i ønska storleik på skrifta.

    Søkjefunksjon

    Nyare brett/telefonar går vesentleg raskare enn eldre. Men for alle gjeld det at det første søket er tregare enn seinare. Diverre er det ikkje jokerteikn eller jokerstreng i søkjefunksjonen. Ved søk skil ein ikkje mellom små og store bokstavar.

    Du vil etter kvart sjå mange moglegheiter til å finne den/dei personane du leitar etter. I tider då mange endrar namn, er dette nyttig. Eg tek fram nokre tips og minner om at der er forkortingar som kan gi utfordringar. Søkja er gjort på ein Samsung (Android) er er litt annleis enn med iTune. Om eg søkjer hol med Samsung får eg alle hol eller som byrjar med hol (Holseker, Holstad etc. Med iTunes får eg i tillegg dei som har hol i seg eller slutta med hol (t.d. Kaldhol).

    1. Om eg leitar linja til personen Sverre Bjåstad, må eg søkje Bjåstad, Sverre (Bjåstad- komma-ordskiljar-Sverre). I dette tilfelle finn du han på to plassar, berre eitt av dei er det du søkte, det andre under Forord.
    2. Søk: Sverre Bjåstad. Du finn dei plassane i boka der dette står. Sidan eg er fotograf for mange bilde, får du over 30 treff.
    3. 3. Søk: t Bømlo. Du får den/dei som har flytta til Bømlo. Eitt treff, og det er Ragnar Hareide. Vil du vite meir om Ragnar, finn du heile familien hans i Utflyttarboka 2007. Der kan du søkje på: Bømlo og få 15 treff. (I Utflyttarboka er det brukt pil mot høgre for ”flytta til”.) Ei slik pil har vi ikkje på tastaturet og kan ikkje nytte oss av den. Berre eitt treff var Ragnar med -> Bømlo. Søkjer du Knut Arild vil du kome til Knut Arild Hareide ein av sønene til Ragnar, og kjend politikar. Merk at for familemedlemmar i Utflyttarboka må ein skrive fornamnet først.
    4. Søk: f Bømlo, du får den/dei som kjem frå Bømlo. To treff.
    5. I Personboka står alle namn alfabetisk på etternamn, i motsetning til Utflyttarboka der kvar familie er ordna i grupper. Men med søkjefunksjonen har vi no høve til å finne born til eit foreldrepar. Søk: Linda/Arneson eller berre Linda/Arne og du finn dei gutane med mor Linda og far Arne, to treff.
    6. Søk: Arne/Lindasd. eller berre Arne/Linda og du finn dei jentene med far Arne og mor Linda. Eitt treff, men ikkje på same familien som i det førre søket. Merk: På grunn av ulik søkjemotor/algoritme på nett/telefon, Android/iTune kan du kanskje få treff på Bjarne/Linda. Denne ulikskapen gjer at du kanskje ikkje får same tala som eg nemner i desse døma.
    7. Om du ville søkje sønene til mor Ruth og far Johannes kunne vi prøve a) Ruth/Johannes (0 treff) b) Ruth/Joh (4 treff) c) Ruth/Johs (2 treff).

      Sidan Johannes på nokre stader er forkorta til Johs (anten fordi vedkomande brukar dette namnet eller eg har plassmangel på linja) er det c) som gir det ønska resultat. Bra funn også i b) sjølv om vi der i tillegg får med dei med mor Ruth og far Johan eller John.

    8. Med litt sjeldne namn er det nok å søkje på berre mor eller far. T.d /Dorthea gir 11 treff som vi ser er frå fleire familiar. Dorthea/ gir 16 treff. Konklusjon: 11 jenter og 16 gutar har mor med namn Dorthea.
    9. Kor mange er fødde i 1944? Søk: .1944 gir 214 treff. Er det rimeleg? Ja, konfirmasjonskulla rundt 1960 var mellom 80 og 90 i kvar kommune. Det er sannsynleg at ca 50 er tilflytta øya og har fødselsår 1944.
    10. Ved flytting til/frå prøver eg få med både kommune og tettstad. Dvs at om eg søkjer dei som er komne frå Vartdal, så skal dei også vere med i søk på dei som er komne frå Ørsta. Søk: f Vartdal. Du får 25. Søk: f Ørsta og du får 113. Dei 25 frå Vartdal er med i dei 113 frå Ørsta.
    11. Spørsmål: Kor mange heiter Knut? Søkjer eg først Knut, får eg 760 treff. Men her kjem same Knut att fleire gongar. T.d. i farsnamn som Knutson... og Knut/... . Dessutan mellomnamn som Per Knut. Vi kan sile ut med: , Knut (komma-ordskiljar-Knut) og få dei som har Knut som første fornamn. 135 treff. Men no har vi med Knut-Johan, Knut-Jørgen etc. Om vi vil ha rein Knut er det meir presist med; Søk: , Knut (komma-ordskiljar-Knut-ordskiljar) og får 65 treff. Så talet 65 er nok det mest korrekte svaret på spørsmålet.
    12. Personar fødde ein bestemt dato, t.d. 24. desember. Søk: 24.12. Du får 48 treff. Av dei om lag 20 000 personane har 48 fødselsdag på julekvelden. Søk: 24.03.1966 og du får eitt treff. Mellom personane i boka er det berre ei som blir 50 år julekvelden 2016. Kven er skotårsbarn og kor mange har vi? Søk: 29.02. og du får namna på dei 11 skotårsborna. Eit rimeleg tal? Skotår kvart 4. år. Dvs det går ca. 1460 dagar mellom kvar skotårsdag. Med jamn fødselsrate gjennom året blir snittet: 20 000 : 1460 = 13,6 som ikkje er så langt frå 11.

    Mors- og farsnamn som manglar

    I denne boka ville vi kopla kvar person mot både far og mor. I papirutgåva var dei kopla berre mot far som har vore tradisjon i tidlegare bygdebøker. Vi er enno ikkje i mål med dette. Framleis manglar om lag 400 av 20 000. Dei manglande morsnamna er erstatta med yy og farsnamna med xx. Denne mangelen er ikkje pga at nokon vil halde det skjult. Årsaka er først og fremst at det før var spurt berre om far. Morsnamnet var ikkje oppgitt. Men vi held fram med å leite opp dei som manglar.

    Eg er takksam for hjelp til å finne desse manglande fornamna. Send inn namn til meg på sms, epost eller ring meg. På førehand takk!

  • Eit vidare arbeid

    Då vi laga Personboka 2000, var det å samle inn og ta med personar fødde f.o.m. 1900 og fram til dags dato i år 2000. Difor var det litt spesielt no å lage ei bok berre fram til 2003. Men dette var eit alternativ til berre å digitalisere papirboka. Det viste seg å vere tidkrevjande nok å få inn personar/opplysningar for berre desse tre åra. Men vi har fått utprøvd innrapportering av data via nettet. Trass enklare innsending er det framleis den same tregheita som rår no som det var for 20 år sida, Ein tredjedel svara straks på første oppmoding som kom via skjema delt ut gjennom ungdomsskulane, neste tredjedelen etter purring og så var det å bruke telefon for siste tredjedelen.

    Det var så visst ikkje pga uvilje til boka. Det var mest alle som let vel over den. Men for mange er det eit stort tiltak å fylle ut skjema. Av ca. 300 familiar var det berre eit par familiar/personar som sa at dei ikkje ynskte å vere med.

    Så får vi sjå etter eitt års tid om vi går vidare med ei oppdatering fram til 2018 eller 2020.

    Hareid, november 2016, Sverre Bjåstad