Personbøker

Utflyttarboka 2007 e-bok

  • Forord

    Denne e-boka blei ferdig i slutten av november 2016 og er gitt ut med rettingar og nokre små endringar i høve papirboka. Alle dei 70 bilda av 365 utflytta er med. Vi har kutta ut dei 100 sidene med ”Totalregister” fordi ein no lett kan søkje alle namn med ein søkjefunksjon.

    Så vidt vi ser no er det ikkje aktuelt å oppdatere denne boka slik ein tenkjer det med Personboka.

  • Bruk av e-boka

    Boka kan kjøpast slik (Hugs å ha klar passord til kontoen din for Google/iTunes, då du kan bli spurd om å skrive inn dette):

    Android

    Klikk her,
    eller scan QR-koden med mobilen

    Apple

    Klikk her,
    eller scan QR-koden med mobilen

    Søkjefunksjon

    Du vil etter kvart sjå mange moglegheiter til å finne den/dei personane du leitar etter. I tider då mange endrar namn, er dette nyttig. Eg tek fram nokre tips og minner om at der er forkortingar som kan gi utfordringar. Søkja er gjort på ein Samsung (Android) og er litt annleis enn med iTunes. Om eg søkjer hol med Samsung får eg alle hol eller som byrjar med hol (Holseker, Holstad etc.) Med iTunes får eg i tillegg dei som har hol i seg eller slutta med hol (t.d. Kaldhol).

    1. Om du leitar etter personen Oddmund Moldskred, søkjer du først Moldskred, Oddmund (Moldskred - komma-ordskiljar-Oddmund). I dette tilfelle finn du han på to plassar, det første på hovudlinja til Oddmund, det andre under oversyn personar på bilda. På det første treffet finn du heile familien hans.
    2. Søk: Oddmund Moldskred. Du finn dei plassane i boka der dette står. Det gir eit treff under bilde frå Bergen der Oddmund er med.
    3. Søk: Bømlo. Du får fram dei som på eit vis er knytt til Bømlo, 15 treff. Søk på partiformann Knut Arild. Ikkje så mange som har det fornamnet. Du får berre eitt treff. Den yngste i familien til Ragnar Hareide. Merk at for personar som står under den utflytta, så er det fornamnet som står først.
    4. I Utflyttarboka der kvar familie er ordna i grupper, alfabetisert etter den utflytta. Med søkjefunksjonen har vi no høve til å finne utflytta born til eit foreldrepar. Søk: Turid/Oddson eller berre Turid/Odd og du finn dei utflytta gutane med mor Turid og far Odd. To treff, Ketil Gjerde og Terje Hareide.
    5. Søk: Arne/Lindasd. eller berre Arne/Linda og du finn dei jentene med far Arne og mor Linda. Eitt treff, men ikkje på same familien som i det førre søket. Merk: På grunn av ulik søkjemotor/algoritme på nett/telefon, Android/iTune kan du kanskje få treff på Bjarne/Linda. Denne ulikskapen gjer at du kanskje ikkje får same tala som eg nemner i desse døma.
    6. Forkortingar Søk mor Ruth og far Johannes kunne vi prøve
      1. Ruth/Johannes (0 treff)
      2. Ruth/Joh (2 treff)
      3. Ruth/Johs (1 treff)
      Stundom er Johannes forkorta til Johs (anten fordi vedkomande brukar dette namnet eller eg har plassmangel på linja) er det c) som gir det ønska resultat. Bra funn også i b) sjølv om vi der i tillegg får med dei med mor Ruth og far John.
    7. Med litt sjeldne namn er det nok å søkje på berre mor eller far. T.d /Anne-Lise gir 6 treff som vi ser er frå fleire familiar.
    8. Personar fødde ein bestemt dato. Søk: 03.12 Det gir 57 treff. Då har vi med heile familiar, ikkje berre den utflytta.