Familieboka 2024

Familieboka 2024

Ny bygdebok for Hareid og Ulstein, ferdig i november 2024. I sal hos bokhandlarane i Ulsteinvik (Alti/Blåhuset og Amfi) og på biblioteket på Hareid.
Pris: Kr. 680,-

Forord frå boka

Ein dag i 1999 kom Peder Måseide (1907-2002) til meg og sa: Sverre, kan du ta over stafettpinnen etter meg og føre «Folk å minnast»-arbeidet mitt vidare? No er eg så gammal at nokon må ta over. Og eg ser det slik at det må vere anten du eller Leiv Arne. Få var det som kjende folket i lokalsamfunnet som Peder, og enno færre hadde evne som han til å skrive om det. Gjennom mange avisartiklar i Vikebladet/Vestposten hadde han skrive om personar, gjerne kjende personar, frå gardane på Hareid. No var han komen til Grimstad. Eg måtte svare nei fordi eg då hadde starta arbeidet med Personboka 2000, og hadde nok med det. Artiklane til Peder kom ut i bokform av Hareid Historielag: 1988: Folk å minnast, 1997: Ei tid va’. 1999: Ei tid va’ 2. 2005: Ei tid va’ 3. Når eg no har gitt meg i kast med ei ny «form» på ei bygdebok, om gardar og folket der, er det på ein måte ei vidareføring av «Folk å minnast»-arbeidet til Peder Måseide. Hareid historielag gav ut første årsskriftet sitt i bokform i 1975, sinare årvisst. Ulstein historielag kom med sitt første 30 år seinare. Det kom seint, men godt. Med Levd Liv har dei på ein framifrå måte presentert «Folk å minnast» frå Ulsteinvik. I arbeidet mitt med FAMILIEBOKA er eg begge laga stor takk skuldig for det gode kjeldematerialet. Tusen takk!

Ei bygdebok skal ha familien, generasjon etter generasjon, i fokus. Ho skal fortelje om familien og om enkeltpersonar. Ein skal sjå kven som er søsken, foreldre, besteforeldre etc. På same måte som eg i 2000 kom med PERSONBOKA 2000, ein ny «lett-versjon» av ei bygdebok, kjem eg her med ein ny og annleis lett-versjon der familien er i fokus. Difor har boka fått namnet FAMILIEBOKA 2024. Ho er bygd opp slik at ein med eit register raskt finn dei personane som er med. Og lett ser familiesamanheng ved bruk av ane-/familiekart. Med bilde kan ein lettare kjenne att personar.

Ideen bak Familieboka

Det er uråd å få med alle personar i dei to kommunane i ei bok, slik det var med PERSONBOKA. Det må gjerast eit utval av familiar. Målet er:

  • * Alle dei 92 gardane i Ulstein/Hareid skal vere representerte med minst eitt bruk. Kvar gard har eitt eller fleire gardsbruk/ bruk. Dei to kommunane har nær 40 gardar kvar.
  • * Familieboka 2024 har med 180 bruk. Kvart av dei utvalde gardsbruka har ei dobbelside som presenterer følgjande 3 element:
      1. Anekart / familie-kart som tek med 3-4 generasjonar av folket på garden
      2. Bilde av gardsbruket
      3. Personbilde
    • Rettingar

      Rettingar til boka, etter at den gjekk i trykken:

    • Nokre sider frå boka

      For vidare informasjon kan du bla deg gjennom nokre av dei 450 sidene: