Personboka 2000

Personboka 2000

Sverre Bjåstad

PERSONBOKA 2000

for

HAREID og ULSTEIN

med

REGISTER

til

BYGDEBØKENE

Personboka 2000 var ferdig for sal frå 27. oktober 2001. Boka er på 480 sider og inneheld vel 19 200 namn, 70 sider med tekst, statistikk, bilder og kart. Eit eige register over dei 5000 som har skifta namn, koplar lett gamalt etternamn med nytt etternamn. 

Sjå elles forord, rettleiing lenger nede på sida.

Sal av PB2000: 

I november 2001 var det sal av bøkene på bestemte stader i Hareid og Ulstein. Sjå annonse i Vikebladet/Vestposten. Dette gjorde vi for raskt å få ut dei bøkene som var tinga.

I denne tida kosta boka kr 400.- for tinga bøker, seinare 450.-

Frå 26. november 2001 var boka også å få kjøpt hos bokhandlar i Hareid, Ulstein, Herøy, Ørsta og Volda.
 

Pris hos bokhandlar:kr 290.-
Bestilt frå meg på internett/post:kr 250,- pluss frakt
For bestilling og sending av bøker: http://ub2007.bjastad.com


FORORD

Bygdebøkene for Hareid og Ulstein. Kommunene har sams bygdebøker. Bøkene Gardar og folk kom ut for Ulstein (band III / IV) i 1982 og for Hareid (band V/VI) i 1985. Fakta om personane vart avslutta i 1974. Dei som var fødde etter –74 er såleis ikkje med. Berre dei som høyrde til eit bruk, eller var direkte etterkomarar, var med i bøkene.
Registerboka. Det viste seg å vere vanskeleg å finne fram i bøkene sidan dei ikkje hadde register. Eg såg snart at her måtte ein nytte seg av den nye dataalderen som var i kjømda. I 1987 var Registerboka ferdig. Ho inneheldt dei som var fødd etter 1850. Det utgjorde 15 000 namn frå bygdebøkene. 
I tillegg til boknummer og sidetal, inneheldt registerboka fødselsår og samanknyting til førre generasjon. For mitt vedkomande stod det: Bjåstad, Sverre Haraldson. Dette gjorde boka sjølvstendig. Ho var rask å bruke og vart populær etter kvart som ho vart kjend. Boka vart utseld i 1998.

Personboka 2000 (PB2000). Kven er med?I 1996 såg eg at Registerboka kom til å bli utseld i løpet av eit par år og eg starta planlegginga av ei ny bok. Kvifor ikkje satse på opplysning om dei som bur på øya i dag, heller enn dei som levde for lenge sidan? Følgjande hovudregel kom etter kvart fram:

1.Liksom i Registerboka: Berre ei linje for kvar person. Ha med berre dagens situasjon.

2.Ha med alle som bur på øya i år 2000 pluss borna deira uansett kvar borna bur.

3.Oppdatere alle personar fødd i 1900 eller seinare og som står i bygdebøkene.

4.Ved å gjere boka litt djupare enn Registerboka, men ha same høgd, kunne ein i tillegg til namn få med fødselsdato, dødsår, sidetilvising til bygdebøkene, kvar ein bur på øya og kven ein er gift/sambuar med. Det er ei god opplysning å ha med kvar ein innflyttar kjem frå. Ein burde også ha med kvar folk har flytta til. Dette er løyst med å setje -> for dei som har flytta frå kommunene og <- for dei som har flytta til. Dette blir prioritert føre opplysning om kvar dei bur på øya.

Samarbeid med kommunene.I 1995 kalla ordførar Arne Walderhaug i Ulstein meg inn til eit møte saman med bygdebok-nemnda i H/U for å orientere om planane eg hadde med ny bok. Ordføraren skriv m.a. i innkallinga:

Gardar og folk er ført fram til første del av 70-åra, og det er ønskjeleg at også dødsfall, utflytting, tilflytting, giftarmål og fødslar vart ajourført fram mot århundreskiftet.

I 1999 var eg komen så langt i utprøvinga av skjema for innhenting av data at gjennomføringa av prosjektet kunne presenterast for kommunene. Det dreia seg om persondata og det var naudsynt med samtykke og samarbeid med dei ansvarlege i kommunene. Det vart møte med ordførar og oppvekstsjef i kommunane der eg presenterte prosjektet. Alle ynskte at eg gjekk vidare med arbeidet. 

Har vi med alle? Det er få som har bedt om ikkje å vere med, berre 2-3 familiar og nokre enkeltpersonar. Dette er imøtekome. Det er nokre få namn vi ikkje har greidd oppdatere då ingen har kunna gitt oss opplysning. Desse er merka med (x) bak namnet. Dersom det står ?? i feltet for dødsår, tyder det at vi veit at dei er døde, men ikkje årstalet.

Innhenting av data.    Etter mange prøvingar fann vi ei form på skjema som vart tenleg for innhenting av data. Det har vorte så vanleg med oppløysing av ekteskap og ”mine, dine og våre born” at det vart vanskeleg å forme eitt skjema på ei side som dekte alle variantar.

Først vart skjema levert alle husstandar. Om lag 1/3 svara. Etter ei ny utsending fekk vi dekt neste tredjedelen. Siste tredjedelen vart innhenta per telefon. Eg må få uttrykkje positiv tilbakemelding på viljen til å svare på spørsmål som ofte var svært personlege. Det er utfylt 5 600 skjema som dannar materiale for boka.

Med kommunene si godkjenning av prosjektet, har dei gått god for at eg har kunna få/kjøpe folkeregisteret si namneliste over innbyggjarane for å sjekke rett skrivemåte av namn og fødselsdato. 

(om lag 4000 skjema

Kontrollkøyring.Etter at vi hadde samla inn skjema for alle familiene, vart det sendt ut eit nytt utforma skjema til alle (om lag 4200 skjema). Her fekk kvar sjå kva som stod om seg og si næraste familie. Vi bad om tilbakemelding og oppretting av eventuelle feil. Med denne kontrollkøyringa meiner vi å ha ganske god kvalitetssikring på det som står i boka.

Kopling mot foreldreI bygdebøker har det alltid vore tradisjon å kople born mot farsnamnet. Så er det også med våre bygdebøker. Då vi (underteikna saman med dottera Ingunn) starta utarbeidinga av konseptet, prøvde vi først med å knytte alle som var fødd etter 1974 opp mot mora sitt namn. Dette ville verte eit lettare arbeid. Men vi ga oss etter ei stund. Det vart for ”rotete”. Vi måtte vere konsekvente for å unngå mistydingar.

Hovudregelen er, - no som før, at ein koplar kvar person mot faren sitt fornamn, t.d. Sverre Haraldson. Dersom nokon ynskte at det ikkje skulle gå fram kven som var faren, har koplinga gått mot mora, t.d. Agnesson. Dersom det er snakk om born frå fleire ekteskap eller tidlegare ekteskap, er koplinga oftast mot både faren og mora. T.d. Sverre Agnes/ Haraldson.

Gift/sambuar/skilde.   På grunn av plassmangel og dagens form for ekteskap/ sambuarskap, har vi spurd om kven dei er gift eller sambuar med, og år det skjedde. Ein kan såleis ikkje sjå om vedkomande er gift eller sambuar. Vi har med data berre for år 2000. Såleis går det ikkje fram om vedkomande tidlegare har vore gift og no.

EiksundEiksund vart i 1964 flytt over frå Herøy til Ulstein. Gardane med bruk finn ein i Herøyboka III. Dei er ikkje med i bygdebøkene for U/H. PB2000 har med alle som bur i Eiksund utan sidetilvising for Herøyboka.

Kart. Merknadsfelt. Bilde.Før sjølve namnelistene byrjar, har vi teke med kart over kommunen som viser gardsnamna. Vidare har vi med nokre av dei største byggjefelta med innteikna gards- og vegnamn. På slutten av kvar bokstav er der linjer for innskriving av personar/ merknader etter ynskje.

Vi har med nokre bilde og litt tekst. Det er lagt vekt på at det skal vere ”ferske” bilde og ha tilknyting til byggjefelt og personar.

Fleire har gjort mykje for generell bygdebokarbeid. Utan å gjere nokon urett har vi for Hareid skrive ekstra om Ingvard Bjåstad og Peder Måseide, for Ulstein kommune Asbjørn Waage og Knut J. Hasund. 

Takk! Det er god grunn til å takke alle som har vore med å få til denne boka. Det gjeld kvar som har leita fram familiedata som eg har bede om. Og det gjeld dei som har oppmuntra meg og trudd på prosjektet i dette ”maratonarbeidet” som samstundes krev mykje pirk. Nokre namn må nemnast. 

Det gjeld først eiga familien – kona Inger, Håvard, Bjørnar og Ingunn. Spesielt vil eg framheve Ingunn som var sterkt med i utforminga av konseptet for boka og heile tida gitt oppmuntring og hjelp til det omfattande arbeidet.

Vidare ei takk til dei som i ”purreperioda” hjelpte med spesielle område: Nora Dimmen, Åse Gjerde, Gunder Runde, Reidar Hareide, Arve Røyseth og Norvald Myrene. Også ei takk til teknisk etat i Ulstein og Hareid som velviljuge har gitt meg materiale for å lage karta som er presenterte i boka. 

Hareid 24. september 2001

RETTLEIING

For å vise kva informasjon om ein person som er med, nyttar eg eit døme med nokre personar.

1.kolonne                                    2.kol.                3.kol.          4.kol.        5.kolonne

Topphol, Andreas Adolfson                    03.07.25              5-556           Bjåstad       70 Klara
Topphol, Klara Marie Nilsd. Stokke           20.09.26              5-556      <-   Gjemnes       70 Andreas
Topphol, Målfrid Andreasd. Røyset            08.09.25    - 62      5-556           Bjåstad       55 Andreas
Topphol, Torunn Stokke Andreas/Klarasd.      14.01.74              5-556      ->   Oslo
Topphol, Kjersti Vilhelmsd. Røyset           17.01.59               48/6      <-   Selje         82 Arne Kåre
1.kolonne  gir oss: Etternamn, fornamn og kven ein har som far (eventuelt mor). 

Torunn er døypt med mora sitt etternamn. Stokke er såleis ein del av fornamnet. Difor kjem Stokke før Andreas/Klarasd.

For Klara har vi med jentenamnet Stokke etter foreldretilvisinga sidan ho endra etternamn frå Stokke til Topphol ved giftarmål. 

I tradisjon med bygdebøkene er malen at ein refererer til faren (sjå forord). Dette gjeld for Andreas, Klara, Målfrid og Kjersti. Dersom ein har born frå før ekteskap eller frå tidlegare ekteskap, refererer eg oftast til  far/mor for dotter og mor/far for son. Dersom vedkomande ikkje vil at det skal gå fram kven som er faren, er referansen berre til mora. Sidan det står  Andreas/Klarasd. for Torunn, tyder det at ein av foreldra har vore gift to gonger (Andreas). Dette for å få fram at det er Andreas/Klara og ikkje Andreas/Målfrid som er foreldre. Om det står Fsd. eller Fson, tyder det fosterbarn.
2.  kolonne gir oss: Fødselsdato – dødsår. Vi ser at alle lever med unntak av Målfrid som døde i 62.

3.  kolonne:er primært sidevising til bygdebok. Vi finn altså meir opplysning (frå tida før 1975) om familien i bok 3 s. 404 og  i bok 5 s. 556. Dersom nokon ikkje står i bygdebøkene, har vi nytta plassen til å skrive gards-/bruksnummer. Det gjeld for Kjersti som bur på gard 48 (Bjåstad), bruk 6.

4.  kolonne: skal fortelje om bustad, kvar dei kom frå eller kvar dei flytte til. Til å byrja med spurde vi konsekvent om kommune. Etter kvart gjekk vi over til å bruke tettstaden dersom dette var ein kjend stad for lesaren. I staden for t.d. å skrive Herøy, gjekk eg over til å skrive Leikong, Fosnavåg etc. dersom eg visste kvar i Herøy den enkelte budde. Sidan denne malen endra seg undervegs, er dette ikkje konsekvent. 

Det står at Andreas bur på Bjåstad gard. I dette tilfelle noko misvisande sidan tomta ligg på  Grimstad. Men då teknisk etat la ut byggjefeltet Geilane som strekte seg over både Bjåstad og Grimstad, ga dei alle nye tomter g.nr 48. Dette høyrer heldigvis til unntaka av regelen som vert brukt. Namnet som vert brukt er altså ikkje adresse, men kva gard dei høyrer til. Dette i god gammal bygdebokstil. Såleis vil dei som bur i Bugarden få plassering  Osnes. Dette fordi utmarka høyrde til Osnes gard.

Torunn har fått -> Oslo som tyder at ho har flytta til Oslo. For dei som er studentar, er det ikkje påført pil for flytting så lenge vedkomande ikkje har meldt flytting. Vidare ser vi at Klara har fått <- Gjemnes som tyder at ho er / kjem frå Gjemnes kommune. Tilsvarande har Kjersti Selje. Mange har spurd om eg vil ha kommunen dei kom frå eller der dei vart fødde. Uråd å gi eintydig svar. Eg har svara: Bruk det du ville svare dersom eg møtte deg på gata og spurde: ”Kvar er du frå?” 

Pil får berre dei som flytte til eller frå Ulstein/Hareid, ikkje dei som flytter innan øya.

5.  kolonne:fortel kven dei er gift eller sambuar med i dag og kva år det skjedde.

Vi ser at Andreas vart gift/sambuar med Klara i 70.  Vi skriv berre det som er gjeldande i dag. Såleis står det ikkje på hans linje noko om at han var gift med Målfrid til ho døydde i 62. Men under Målfrid finn vi at ho var gift med Andreas då ho døydde i 62.

Vi ser at Kjersti er gift/samb. med Arne Kåre. Sidan ho har fått same etternamn som Arne Kåre, står ikkje etternamnet hans i siste kolonne. Hadde Kjersti halde på etternamnet sitt (Røyset), ville det i siste kolonne stå Arne K Topphol. Sidan det er avgrensa plass på linja, er der ein del forkortingar for namn i siste kolonne.

Endring av etternamnOftast gjeld dette jenter. Men i nokre tilfelle også gutar. Vi ser ein trend i at stadig fleire held på ”jentenamnet” ved giftarmål. Du finn fram i denne boka til dei som har endra namn ved å sjå i registeret bakerst i boka.

Fødd i 2000. Sidan årstal er gitt med berre to siffer, står 00 anten for 1900 eller 2000.. For å skilje dette skriv vi 00 med utheving når det gjeld 2000, t.d. 19.08.00.

Døme frå boka:

Bjåstad, Paula Johanne Vidkunsd. Justad   13.12.22 -     5-386  <- Ørskog   61 Jon
Bjåstad, Peder Lorents Andreasson         11.06.05 - 62  5-582     Bjåstad  47 Anna
Bjåstad, Per Åge Petterson                30.08.66 -     5-575     Bjåstad  96 Trine Årsbog
Bjåstad, Peter Andreasson                 26.09.06 - 32  5-582     Bjåstad
Bjåstad, Peter Olavson                    09.11.00 -     48/1      Bjåstad
Bjåstad, Petter Olavson                   02.04.23 - 85  5-575     Bjåstad  54 Åse
Bjåstad, Ragnhild Kristine Eivindsd.      23.06.82 -     5-580     Bjåstad
Bjåstad, Ragnvald Sigvaldson              24.10.14 - 86  5-576     Bjåstad  47 Marie
Bjåstad, Reidun Johanne Johnsd. Furnes    23.03.46 -     5-322     Hareid   66 Kåre
Bjåstad, Rune Haraldson                   30.08.68 -     5-591  -> Oslo     00 Anne Crawfurd
Bjåstad, Sandra Lynn Ibo Sindresd.        07.09.94 -     48/89     Bjåstad
Bjåstad, Signe Herborg Jakobsd. Jordal    04.10.43 -     5-591     Bjåstad  67 Harald T.
Bjåstad, Sigvald Andre Haddal Arildson    20.06.96 -     77/139    Pilskog
Bjåstad, Sindre Einar Egilson             16.06.54 -     5-585     Bjåstad  90 Wenifreda
Bjåstad, Solveig Emilsd. Sandanger        16.03.50 -     5-582  <- Sande    75 Andreas
Bjåstad, Stian Erik Bjørnson              18.04.75 -     48/45     Bjåstad
Bjåstad, Stine Elisabeth Eldarsd.         22.02.82 -     46/21     Holstad
Bjåstad, Svanhild Elsa Georgsd. Aurvåg    28.02.37 -     5-585  <- Herøy    54 Egil
Bjåstad, Svein Larsson                    12.05.47 -     5-589     Bjåstad  77 Brit-Kari
Bjåstad, Sverre Peter Haraldson           17.06.44 -     5-583     Bjåstad  69 Inger Gr. Bjå.
Bjåstad, Sølvi Håkonsd. Riise             07.09.41 -     5-349     Hareid   62 Kjartan
Bjåstad, Thomas Kåreson                   11.10.76 -     48/97     Bjåstad
Bjåstad, Tone-Lise Håkonsd. Bigset        29.03.71 -     48/1      Bjåstad  96 Olav Jon
Bjåstad, Tore Eivindson                   22.01.77 -     5-580     Bjåstad
Bjåstad, Toril Kjartansd.                 04.12.68 -     5-349     Hareid
Bjåstad, Tove Lise Johnsd. Djupvik        24.03.59 -     48/113 <- Herøy    83 Dag
Bjåstad, Trond Tove/Arveson               17.08.78 -     48/113    Bjåstad
Bjåstad, Una Britt Eivindsd.              29.01.75 -     5-580     Bjåstad
Bjåstad, Vigdis Steinarsd. Teigene        18.08.53 -     5-457     Bjåstad  74 Bjørn
Bjåstad, Wenifreda (Wennie) Juliansd. Ibo 14.01.52 -     48/89  <- Filipp.  90 Sindre
Bjåstad, Åse Johnsd. Holstad              18.01.29 -     5-575     Bjåstad  54 Petter Bjåstad, Åsta Olesd. Nybø Bigset          23.12.16 - 00  5-580     Bjåstad  42 Alf E.
Blaalid, Jan Kjell Johnson                13.04.65 -     45/76  <- Vågsøy      Grete Bigset
Blaalid, Kristian Bigset Janson           23.05.95 -     45/76     Gjerde
Blaalid, Rikard Bigset Janson             30.04.99 -     45/76     Gjerde
Blankholm, Kasbara Severinsd. Pettersen   01.08.07 - 97  5-251  -> Ålesund  37 Arne Blankholm
Bleikeli, Mari Anne Konradsd. Myrene      06.11.62 -     4-119  -> Lindås   85 Jørgen Bleikli
Blindheim,  Ove Johan Olavson             30.05.58 -     6-060     Bigset
Blindheim, Arne Johanson                  20.03.50 - 70   74/7     Eiksund
Blindheim, Bente Johannesd. Mork          11.09.62 -     6-158     Selvåg   82 Jan-Ove
Blindheim, Einar Janson                   27.06.93 -     10/151    Holseker
Blindheim, Engliv Sofie Karlsd. Jørgensen 02.07.13 -     5-086  -> Bergen   33 Elias Blindh.
Blindheim, Ester Marie Oskarsd. Hareide   23.03.23 -     5-179  -> Giske    40 Lars Blindheim
Blindheim, Ingrid Jansd.                  30.04.97 -     10/151    Holseker
Blindheim, Ingunn Olavsd.                 25.03.54 - 65  6-060     Bigset
Blindheim, Jan Kåre Egilson               16.09.62 -     10/151 <- Sunndal  87 Mona
Blindheim, Jan Ove Johanson               16.03.53 -      74/7     Selvåg   82 Bente
Blindheim, Johan Martin Johanson          29.11.12 -      74/7  <- Giske    39 Olga Krist
Blindheim, Johanne Olavsd. Gjetnes        07.11.29 -     6-060     Bigset   53 Olav