Utflyttarboka 2007

Utflyttarboka 2007

Om boka
Utflyttarboka 2007 var ferdig 13.oktober 2007. Boka er på 604 sider.

Sal av Utflyttarboka 2007

Du får kjøpt boka hos bokhandlar i Ulstein og Hareid, eller direkte frå forfattar.

Forhandstinga bøker

Pris hos bokhandlar:kr 290.-
Bestilt frå meg på internett/post:kr 250,- pluss frakt
For bestilling og sending av bøker: http://ub2007.bjastad.com

Om Prosjektet

Arbeidet med denne boka starta sommaren 2004. Vi ser på denne boka som eit direkte framhald av Personboka 2000. Det er altså ikkje ei oppdatering av PB2000. Som i PB2000 avgrensar vi det til dei som er fødde i 1900 eller seinare. Boka inneheld dei som har flytta ut, og deira ektemake/sambuar og born. Ho inneheld 5000 familiar og 23.500 namn.

Sjå elles dømet Forord til boka

Døme på innhald

Vi har nokre PDF-filer som viser innhald i boka:

Nedanfor ser du nokre døme frå dei 70 bilda av utflyttarar.

Oktober 2006. Frå v: Dagrun Svendsen, Olav Dragesund, Britt Garnes, Oddmund Moldskred, Kristin Hjellum, Berit Riise, Aud og Magnar Ulstein.

Av dei 131 frå Ulstein som har flytta til Bergen, har vi samla 9 til ein prat ved Vågen. Av desse er det 4 som held Vikebladet.

  • Dagrun Svendsen (3 born) reiste tidleg til Oslo og tok gymnas. Utdanna seg til førskulelærar i Trondheim då ho kom dit pga mannen sin jobb. Etter nokre år i Skien vart ho med mannen i -92 til Bergen. Jobbar no som styrar i ein barnehage.
  • Olav Dragesund (4 born) reiste til Oslo og tok hovudfag i marinbiologi. Etter 20 år på Havforskingsinstituttet enda han som professor på univ. i Bergen. Spesialområdet hans har vore regulering av fiskebestandar. Hobby er turgåing og slektsgransking.
  • Britt Garnes (2 born) tok lærarutdanning i Levanger og Trondheim. Då mannen fekk jobb i Bergen, vart dette den nye heimstaden. Etter lærarjobb nokre stader er arbeidsplassen no i Åsane. Ho trivst godt i Bergen men er heime kvar sommar.
  • Oddmund Moldskred (5 born) starta karrieren sin som dreng, men fann fort ut at han ville bli elektrikar. Reiste til Bergen i -39 og tok "teknikken" i -46. Starta eige firma som no er innlemma i NEBB. Han er ivrig slektsgranskar og har skrive fleire bøker.
  • Kristin Sæter Hjellum (3 born) kom til Ulstein som 11-åring då faren vart apotekar i Vik. Ho reiste til Bergen og tok sjukepleiarutdanning og jobbar no med rehabilitering på Haukeland. Held god kontakt med foreldra i Ulsteinvik og lengtar stundom heim.
  • Berit Rotnes Riise (3 born) møtte mannen sin Arne då dei begge gjekk på skule i Ålesund. Ho vart med han til Bergen då han starta på Handelshøgskulen. Har jobba i ulike bransjar, men lengste tida som advokatsekretær. Har hytte på Fjelle og er ofte heime.
  • Aud Bjørndal Ulstein og Magnar Ulstein (3 born) vurderer no å flytte tilbake til Ulstein. Aud kom tidleg til Bergen og gjekk husflidskule. Siste 20 åra har ho jobba på rehabiliteringsavdelinga på Haukeland sjukehus. Magnar er utdanna lege og har vore tilsett ved sjukehus i Noreg, Sverige, USA og Nepal. Sidan -75 professor og overlege ved kvinneklinikken, universitetet i Bergen.

Oktober 2006. Frå v: Roar Hansen, Annbjørg Hareide, Kåre Snipsøyr, Bodil Andersen, Kjartan Kaldhol, Severin Overå og Eva Riise.

Av dei 115 frå Hareid som har flytta til Bergen, har vi samla 7 til ein prat ved Vågen, og heile 5 av desse held Vikebladet.

  • Roar Inge Hansen (3 born) vaks opp i Brandal. Etter gymnas fekk han seg jobb på Vervarslinga på Vestlandet i Bergen. Han heldt på arbeidsplassen medan han tok hovudfag i meteorologi og jobbar no på Storm Weather Center. Kan fortelje oss at det regnar litt meir i Brandal enn i Bergen, respektivt 2440 og 2250 mm siste året.
  • Annbjørg Hareide (3 born) tok handelsskule i Oslo. Flytta til Bergen då ho gifta seg med Stig. Etter ei periode på Hareid der ho m.a. jobba i Vestposten, las ho norsk og engelsk i Volda før ho reiste ho tilbake til Bergen i -98. Ho har no alle borna i Bergen.
  • Kåre Snipsøyr (2 born) jobba ei stund innan helsesektoren før han tok psykiatriutdanning på Gaustad. Har jobba mest innan barne- ungdomspsykiatri. Kom til Bergen og Haukeland sjukehus i -71 der han har jobba til i dag.
  • Bodil Røyset Andersen (3 born) utdanna seg til sjukepleiar i Bergen og har sidan jobba på Haukeland. Møtte mannen sin frå Danmark i den norske fjellheimen. Synest Bergen er ein flott by å bu i med fin natur og gode tur- og kulturtilbod.
  • Kjartan Kaldhol (1 barn) tok utdanning på universitetet innan engelsk, historie og tysk. Universitetet vart også arbeidsplassen hans i ettertid. Positiv til Bergen og føler seg heime her. Synest det i dag er godt miljø med nær kontakt mellom by og omland.
  • Severin Overå (5 born) Las først økonomi i Bergen. Etter eit par år med undervisning i Førde, vart han leiar for FN-sambandet på Vestlandet. Det medførde reising over heile verda til han gjekk av i -85. Mindre på Hareid etter at broren Julius døde.
  • Eva Riise (2 born) hadde søsken i Bergen og reiste tidleg dit. Tok sosialhøgskulen og jobbar i kommunen innan psykisk helse. Synest Bergen er ein fantastisk by å bu i. Har hytte på Hareid og held godt kontakt med heimstaden.